søndag 27. november 2016

Flatbrød og Krumkaker


I den fjerde samlinga vi hadde på «Mat, kultur og konservering», lærte vi om korn, og mjølsortar. I den praktiske økta skulle vi lage flatbørd, lefse, hardingar og søst. Dette var den økta eg har gledd meg mest til! Bestemor og mamma brukte alltid å bake frå seg før eg kom meg heim frå skulen. Så endelig er det min tur å få kjevla til å synge.
Heime oppgåva vår var å lage 2 produkt, der hovudingrediensen er mjøl, ein takkebakst og ei tradisjonell julekake. Eg har valt å lage Flatbrød og krumkake.
  

Flatbrød

«Flatbrød kom truleg i bruk på 1300-talet eller kanskje alt frå1100-talet, ut  frå arkeologiske funn av steinheller lenger sør på Vestlandet"  (Brunstad, S. og Pettersen, J.R. 2007, s.62).
Flatbrød kunne holde seg lenge, og var godt egna å ha med seg på fiske, på andre arbeid og reiser.   Flatbrød var det ein i eldretider kalla for brød. Det blei brukt i fleire av dagens måltider. Det var nok ikkje so mykje anna mat til måltida, så flatbrødet hjalp godt på.  (Brunstad, S. og Pettersen, J.R. 2007)
Eg spurte bestemor om hjelp til baking. Sidan ho har lang erfaring, og eg lærer så mykje av henne. Eg ville først ha hjelp berre til flatbrød, men ho sa at sidan vi var så godt i gang kunne vi like godt bake lefser og hardingar og, så det gjor vi.  men her er

Bestemor sine Flatbrød

500 g sammalt kveite finmalt
7 ½ dl kokande vatn
2ts salt

250 g havremjøl
250 g kveitemjøl


-          Bland sammalt kveite, vatn og salt, og la det kvile i 30 min
-          Bland inn resten av mjølet
-          Del opp i 18 like store delar (ca75gram)
Ingredienser, emna og Bestemor i full baking
Foto: Sigrid Aksnes

Eg tok meg litt friheiter med oppskrifta, eg laga to deiger, den eine følgte eg oppskrifta til bestemor, og i den andre deigen tok eg 500g med havremjøl og 250 med sammalt kveitemjøl.  Denne deigen blei litt grovare.  Men når flatbrøda var ferdig steikte hadde vi lagt alle i samme haug,  og dei var så like på både farge og fasong, så eg har ikkje klart å skillje dei frå kvarandre.
Det var vanleg før å samlast fleire kvinner når ein skulle bake flatbrød, og dei holdt gjerne frå grytidlig om morgonen til seine kvelden. og det kunne holde på over fleire dagar. Det blei bake som oftast 2 gongar iløp av året, ein gong før slåtten og ein gong på hausten nærmare julehøgtida (Riddevold, A. 1979, s 53).
Eg merka etter tre-fire timar med kjevling og steiking. så var det godt å vere ferdig, medan Bestemor som er 92år godt kunne lage ein posjon til.

 
Steiking, baking og ferdige flatbrød
Foto: Sigrid Aksnes

Julekaker

Det var viss veldig viktig å lage rikelig med julekaker. «På Sunnmøre vart det sagt at julekakene skulle vare heilt til kyndelsmesse, 2. februar» (Brunstad, S. og Pettersen, J.R. 2007, s 64). Ei husmor som klarte å lage til nok og god julekaker var ei god husmor som viste at ho hadde kontroll på matstellet og hadde eit godt handelag.  Viss ein ikkje hadde god råd å klarte å lage nok julekaker til februar, var det ei skam (Brunstad, S. og Pettersen, J.R. 2007).
Vi har alle høyrt om «dei sju slaga». Det er sagt at nokre av dei sju skal vere steikt i omn, nokre skulle vere kokt i smult og nokre skulle vere steikt i jern, slik som blant anna krumkaker.
Krumkaker eller dei jernsteikte kakene er  dei eldste. «Folkemusèets eldste, runde kakejern har religiøse motiver og er datert 1681»(Riddevold, A. 1994, s 35). 


Mormors oppskrift

4      egg
200 g Sukker
200g  smelta smør
200g kveitemjøl
½ ts malt kardemomme
- Visp egg og sukker til eggidosis, bland inn smelta smør
- Bland inn kveitemjøl og kardemommen.
Oppskrifta fante eg i mormor sin kokebok, men eg trur den er nok så vanleg denne oppskrifta her. 
 Eg starta med å lage eggidosisen. Eg tok meg den friheit å blanda inn litt vaniljesukker, sidan det gir ein god smak. huska ikkje kor mykje eg tok, men det var ein dæsj.  Krumkaker er ei av dei få julekakene eg brukar å lage, Sidan eg brukar å servere krumkaker og multekrem (og iskrem) på julafta. Dette er ein tradisjon vi alltid har hatt i familia.
Ingredienser, krumkakejern, klar for steiking
Foto: Sigrid Aksnes


Krumkakejernet viser ikkje kor lang tid kakene skal steikast, så dei første blei nokså brent. medan det var nokre som blei litt for lite steikt. men det blei krumkaker uansett. 
Vi brukere som oftast å bruke ein krumkakepinne, til å rulle krumkakene som kremmerhus, men eg fant eg må ha lagt det på ein veldig lur plass, for eg fant det ikkje. så derfor laga eg krumkakeskåler i staden for. Personleg liker eg skålene best, sidan ein får meir krem i.

 
Forming og ferdige krumkaker
Foto: Sigrid Aksnes

Kjelder

  • Brunstad. S. og Pettersen, J.R.(2007) Den gamle sunnmørsjula. Vind forlag
  • Riddervold, A.(1994) Julens mattradisjoner i historiens lys. Novus.
  • Riddevold, A.(1979) Hva er det som skapte det tradisjonelle kostholdet? Landsforeiningen for kosthold og helse

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar